Vellukka Fagertunstemne

Published On: 8. juli 2026Categories: Bergen krins, Vestland

Sundag 21.juni var nærare 60 menneske samla på Fagertun, leirstaden til Norges Samemisjon i Eksingedalen. Dagen byrja med gudsteneste leia av sokneprest Frode Kvamsøe. Han tok utgangspunkt i teksten for dagen: Mark 10.17 – 27. Der får me høyra om den rike mannen.

Jesus bad mannen prioritera annleis.

Læresveinane tykte at Jesus tala vel strengt til den rike mannen. Dei spurde: Kven kan då verta frelst? Til det svara Jesus: For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.

Kvamsøe sa at grunnen til desse trøystefulle orda er det Jesus gjorde då han døydde for oss på krossen.

Av oss sjølve kan me ikkje verta frelste, sa presten. Det er på grunn av det Jesus gjorde for frelsa er ei Guds gåve til oss. Og som ein respons på denne gåva vart Fagertun reist som ein stad der den gode bodskapen – evangeliet – kan lyda og verta overlevert til nye generasjonar.

 

Bjørg Stormark og Torhild Skare gledde oss med vakker song der Karl Magnus Valle gav dei tonefylgje. Elles spelte Jostein Rene til salmane.

 

Dagen før, på laurdagen, var det dugnad. Ein førebudde arbeidet med grøfta som skal gjeva skulehuset vatn og avlaup.

Inne i skulehuset vart det og gjort arbeid. Arbeidet på skulehuset går raskt frametter og ein av dugnadsarbeidarane sa det slik: På Fagertunstemna neste år må me invitera ordføraren i Vaksdal til å stå for den offisielle opninga av huset.

Etter gudstenesta var det matøkt: Rikeleg med god og velsmakande mat var det!

Så delte Bjarte Grøssvik bibelord med oss, før det vart åresal og trekking av loddsalet. Den delen av arrangementet vart leia av Frøydis Gullbrå.

 

Tilskipinga vart bunde saman av Bjart-Magnus Rosvold og han gav ros til Anne Margrete Eikefet og Gøril Kvinge Nesheim som stod for arbeidet med å få tak i gevinstar og sal av lodd. Netto inntekt på åre- og loddsalet vart kring 70 000 kr.Konklusjonen var at det hadde vore ein  rik og gjevande dag som resulterte i eit flott tilskot til drifta av Fagertun.

 

Av Knut Dale

Mer å lese