Årsmøtet i Bergen krins av Norges Samemisjon

Published On: 22. april 2025Categories: Bergen krins

Laurdag 22.mars var 16 utsendingar samla på Tørvikbygd bedehus.

Årsmøtet byrja med bibeltime halden av Stein Ingvar Kalviknes som er landsstyreformann i Norges Samemisjon. Han tok utgangspunkt i Johs. 3.16 og vidare i 1.Johs. 4.9-10 der det m.a. står:

Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sende sin eigen Son til soning for syndene våre.

 Etter bibeltimen starta sjølve årsmøtet med godkjenning av årsmeldingane for høvesvis krinsstyret og barne- og ungdomsrådet. Deretter vart rekneskapen for leirstaden Fagertun godkjend.

Oppussing av skulehuset på Fagertun

På Fagertun er husastyret godt i gang med opprusting av det gamle skulehuset. Dette huset skal m.a. nyttast av born og ungdom  når det er leirar på Fagertun.

Styret for Fagertun hadde laga eit utkast til budsjett for opprustinga, og dette budsjettet slutta årsmøtet seg til.

I tillegg godkjende årsmøtet driftsbudsjett for Fagertun dei komande åra, slik som landsstyret hadde bede om. Grunnen til dette var at styret for Fagertun har søkt Norges Samemisjon sentralt om midlar til utbetringa av leirstaden.

Stø ordstyrar på årsmøtet var Vidar Grindheim frå Norheimsund.

Den siste saka på møteplanen var val. Ny i styret etter Jesper Hegna Johnsen vart Karl Magnus Valle medan Inge Augestad vart attvald. Frå før sit Jostein Kringlebotten og Knut O. Dale i styret. Vidare har barne- og ungdomsrådet ein representant krinsstyret.

Ågot Lavik gjekk ut av barne- og ungdomsrådet og inn i hennar stad kom Thor Olav Gullbrå.

Dei andre medlemane i barne- og ungdomsrådet er Gøril Kvinge Nesheim, Johan Alvheim, Jan Ole Høiby Hansen med Johan Gravdal som varamedlem.

I framhaldet av årsmøtet konstituerte styret seg med Inge Augestad som formann og Jostein Kringlebotten som nestformann medan Knut O. Dale vart vald til skrivar.

Les protokollen fra årsmøtet her.

Mer å lese